Har kjempa for helsa til folket på kysten

Som barn var Trond Inselseth meir sjuk enn frisk. Som vaksen har han kjempa for helse og tryggleik for kystfolket. No pakkar kommunelegen ned.

Trond Inselseth pakkar for å flytte frå Måløy, der kommunelegen vaks opp i ein fiskeskipparfamilie på sekstitalet. Foto: Eva westvik  Foto: Foto Eva Westvik

Nyheter

Trond Inselseth blir kalla medisinsk eldsjel og enormt kunnskapsrik. Ein som har trygga pasientar og kollegaer i Vågsøy og resten av Nordfjord. Han har leia Nordfjord legevakt og vore kommunelege i Vågsøy.