Ber folk respektere trafikklysa

Laurdag måtte fleire bilar ryggee på Måløybrua. Foto: Eva Westvik. 

Innsatsleiar i politiet, Jan Arild Nervik oppmodar alle bilførarar om å respektere trafikklysa som regulerer trafikken på Rv 15 på Måløybrua. Foto: Erling Åge 

Nyheter

Innsatsleiar i politiet, Jan Arild Nervik oppmodar alle bilførarar om å respektere trafikklysa som regulerer trafikken på Rv 15 på Måløybrua.

- Dersom nokon køyrer på raudt lys så kan det veldig lett bli kaos, mellom anna fordi det er sensorar på dei to lysanlegga. Køyrer nokon på raudt så kan ein risikere at dei tek til å blinke gult, og bilar frå begge sider køyrer og møtest i dei eine køyrefeltet som er ope, seier Nervik til Fjordenes Tidende.

Mellom anna midt på dagen laurdag så vart det problem med at bilar møttest og måtte rygge fordi lysa blinka gult.

Laurdag var det trafikkork på Måløybrua. Foto: Svanhild Breidalen. 

- Stansar trafikken opp så kan det få alvorlege konsekvensar dersom eit utrykkingskøyrety ikkje kjem seg fram, seier Nervik i politiet.

Det er berre eit køyrefelt på Måløybrua på grunn av eit omfattande vedlikehald som pågår. Difor er trafikken lysregulert.


Lysreguleringa er tilbake

Etter ein planlagt stopp i arbeidet på Måløybrua er no eitt køyrefelt sperra og lysreguleringa er tilbake.

 

Han seier at det i går og i dag har vore veldig glatt på vegane, og oppmodar alle om å vere forsiktige når dei køyrer bil, spesielt på morgonen og om kvelden.