Lukkast med å hente ned mannen frå fjellet

Redningshelikopteret har no fått henta ned mannen som sat fjellfast nord for Hoddevik.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Mannen skal ikkje vere skadd, melder politiet. Meldinga om at vedkommande var henta ned kom rundt halv seks i dag.

Den første meldinga om hendinga kom 14.48. Då var redningshelikopteret på veg frå Florø.

- Det dreier seg om ein mann som har gått seg fast under ein tur i fjellet, seir innsatsleiar i politiet Jan Arild Nervik.

Når Fjordenes Tidende er i kontakt med han er siste oppdatering at helikopteret er på veg.

- Eg fekk meldinga for rundt 50 minutt sidan. Dersom helikopteret ikkje klarte å berge han skulle også vi i aksjon, seier han.

- Då eg fekk beskjed hadde ikkje redningssentralen lokalisert han endå, og det er jo ganske kaldt sjølv om det er fint vêr, forklarer han og legg til at politiet no avventar tilbakemelding frå redningsmannskapet før dei eventuelt rykker ut.