Set pris på å få bidra

– Eg mista pappa til kreft i 2017, og tenkte at eg ville gjere dette for han og alle dei som har lide same skjebne, fortel Matilde Sjåstad Krøvel som er vågsøyrussen sin leiar for årets Krafttak mot kreft-aksjon.

Venninnene Camilla Aarset Nygård (f.v.), Maria Kristin Steenslid Hopland, Matilde Sjåstad Krøvel, Rebekka Solvåg og Eirin Oksholen (ikkje på bildet) er i rute til den komande Krafttak mot kreft-aksjonen. foto: julianne flølo 

Nyheter

Saman med fire av klassevenninnene er det dei fem som i år har ansvaret for organisere årets innsamling som går av stabelen søndag 10. mars.

– Matilde ville gjere dette, og når det ikkje var nokon andre som melde seg, synest vi som venner at det var på sin plass å hjelpe til. Dessutan er det jo ei veldig viktig sak, forklarar Maria Kristin Steenslid Hopland.

Av dei fem i ansvarsgruppa er det ikkje berre Matilde som har kome kreftsjukdom nær.

– Eg mista morfaren min på grunn av kreft for to år sidan, så det er veldig fint å kunne bidra til ei slik sak, seier ho, og får støtte av dei andre.

– Det er så klart sårt og tøft å jobbe med dette når ein har mista nokon nære, men det gir også ein veldig stor motivasjon, påpeiker Matilde.

Håpar på ny rekord

Jentene fortel at dei sjølvsagt håpar på å slå fjorårets rekord på 133. 000 kroner.

– Det er mykje pengar, men vi håpar at folk er minst like gåvmilde i år, seier Matilde, og legg til at dei skal gjere sitt for å samle inn endå meir.

I alt er dei litt over 40 personar som skal gå med bøsser.

– Det er i hovudsak vi på studiespesialiserande og TAF som skal gå, forklarer jentene.

I tillegg jobbar dei no med å rekruttere endå fleire til aksjonen.

– Vi vil forsøke å få med elevar som går yrkesfag som er svartruss i år, i tillegg til privatpersonar. Vi sende ut melding til alle på skulen og har i alle fall sikra oss to ekstra personar. Alt hjelper, understrekar dei.

Søndag 10. mars

Ikkje nok med at det allereie kan vere vanskeleg å gjere folk merksame på aksjonen, har årets kull i tillegg ei anna utfordring i samband med aksjonen.

– Vi er på klassetur den veka det eigentleg er aksjon i resten av landet. Det vil seie at vi kjem til å kome på dørene søndag 10. mars i staden for den eigentlege datoen, påpeiker Matilde.

Russen skjønar at dette kan skape utfordring, sidan det ikkje stemmer med datoen for resten av landet.

– Heldigvis finst det andre måtar å gi på enn å putte pengar på bøssa. Vi har jo både digital innsamling, i tillegg til at folk kan vippse, smiler jentene.

Sjølv om dei har mykje på plakaten før avreise til Berlin, er dei likevel klare på at aksjonen ikkje blir nedprioritert.

– No er det aksjonen som står i fokus til vi skal reise. Det er mykje som står att før dagen er her, seier dei.

Rutene er lagt til Vågsøy kommune, samt Flatraket.

– Vi håpar folk tek oss godt imot, og at så mange som mogleg har kontantar liggande, seier dei.

Nye fokusområde kvart år

Kvart år går pengane frå Krafttak mot kreft-aksjonen til forsking på kreft, med ulike fokusområde kvart år. I år skal pengane gå til forsking på kreftformer som få overlever. i 2018 var det seinskadar som stod i fokus, og totalt vart 30 millionar samla inn, ifølgje Kreftforeningen sjølv.

– Kreft er noko som alle har eit forhold til. Anten blir ein sjuk sjølv, blir pårørande eller kjenner nokon som blir ramma av sjukdommen. Derfor set vi pris på å få vere med og bidra, avsluttar jentene.

Beløpet som har blitt samla inn av russen ved Måløy vidaregåande skule har auka for kvart år. I 2018 vart det som nemnt samla inn 133. 000 kroner, medan russen fekk inn totalt 127.000 i 2017 og 120. 000 i 2016.