- Vi har fått ein kampdag

- Kanskje vi ikkje skal gratulere med dagen, men heller seie lukke til, sa Judith Kvåle då ho heldt ein tårevåt appell under markeringa av kvinnedagen i Selje i går.
Nyheter

Ho er spesialsjukepleiar og politikar (Tvp), og var ei av totalt fire på talarlista. Om kring 70 personar møtte til markeringa som starta med fakkeltog over seljesanden til Doktorgarden. Koret Frisk Bris stod for song under paraden, og i Doktorgarden song både Hildegunn Vederhus, Maria Vengen og Helga Helgesen Rutledal.