Bil hamna utfor vegen i ein sving

Nyheter

Vest Politidistrikt opplyser at ein personbil har hamna utfor vegen.

Ulukka skjedde i ein sving på Fv 616 i Rugsund i Bremanger.

Føraren var åleine i bilen, og han vart ikkje fysisk skadd.

Bilen har fått skadar på sida og i fronten. Naudetatane er på veg ut. Politiet opplyser at det er snø og glatt i området.