– Kanskje vi ikkje skal seie gratulerer med dagen, men heller lukke til med kampen

– Vi er overvelda over responsen, seier Sunniva Djupedal og Synnøve Rundereim etter markeringa av kvinnedagen i Selje.

Judith Kvåle (t.v.) meiner vi heller skal seie lukke til med kampen snarare enn å gratulere på kvinnedagen. Her saman med Anne Tove Thorsnes og Anne Mabel Nybakk. Dei var alle med og markerte 8. mars med fakkeltog og samling på Doktorgarden i Selje. alle foto: julianne flølo 

Nyheter

Dei to er initiativtakarane bak markeringa, som starta med fakkeltog over Seljesanden og enda med appellar i Doktorgarden, kor rundt 70 personar til slutt var samla.