Ber om fleire studieplassar

Søkjartala for skuleåret 2019/2020 viser at 33 elevar har søkt på 23 plassar ved helse- og oppvekstfag på Måløy vidaregåande skule. No vil rektoren ha fleire plassar.

Rektor Åsta Navelsaker Røed er godt fornøgd med søkjartala til Måløy vidaregåande skule. Skulen ønskjer seg auka tal studieplassar for helse- og oppvekstfag og naturbruk. Foto: Eva Westvik  Foto: Foto Eva Westvik

Nyheter

– Vi håpar vi kan få auka opp med ei klasse på første året helse- og oppvekstfag. Vi har mykje yrkesfag ved Måløy vidaregåande, og dette har tradisjonelt vore guteplassar. Det hadde vore ønskjeleg med ei klasse til på helse- og oppvekstfag for å halde jentene i bygda, seier rektor Åsta Navelsaker Røed om søkjartala.