Får midlar til leselyst på biblioteka

Eid bibliotek og Selje folkeboksamling har i samband med Bokåret 2019 fått midlar til prosjektet «Leselyst i biblioteket».

Eid bibliotek og Selje folkeboksamling har i samband med Bokåret 2019 fått midlar til prosjektet «Leselyst i biblioteket». Illustrasjonsfoto 

Nyheter

I dette prosjektet skal biblioteka bruke lesegledarar og andre lokale litteraturformidlarar som skal snakke om barnelitteratur til ulike målgrupper. I løpet av 2019 vil det bli formidla leseglede til vaksne, til barnetrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinne. Det blir tre til fire arrangement i kvart bibliotek, opplyser biblioteka

Føredraget «Mellom boka og barnet – om litteraturformidling til barn» er det første arrangementet i rekka. Her skal Janne Karin Støylen snakke til vaksne som formidlar litteratur til barn ved høgtlesing og liknande.

Ho kjem til Eid bibliotek torsdag 14. mars, og til Selje folkeboksamling onsdag 20. mars.