Barnehagesaken:

Ber om vilje til å sjå løysingar, ikkje berre problem

Leiarane i Holvik skulekorps og Holvik bygdelag ser mørkt på framtida til korps og bygd om dei no ikkje får lov å nytte Holvik barnehage til forsamlings- og øvingslokale som lova av Vågsøy kommune.

– Avtalebrot: – Då skulen blei nedlagt, blei vi forsikra om at framleis skulle ha same eller betre tilbod som vi hadde tidlegare. At eit slikt forslag er kome på bordet i utgangspunktet er eit stort avtalebrot mot bygda og innbyggjarane, seier Tom André Hopland og Ann Elisabeth Blålid. Her på korpsbasar i gymsalen i helga. Begge foto: Julianne Flølo 

Nyheter

Oppvekst- og kulturutvalet behandla saka om utviding av arealet i barnehagen første gang i februar. Der foreslo administrasjonen å dele av gymsalen til betre arbeidsplassar for dei tilsette i barnehagen, samt til barnevognrom. Men det er gymsalen korpset og bygda har brukt til øving, arrangement og andre bygdesamlingar, og bruken av denne er nedfelt i ein skriftleg avtale mellom bygd og kommune.