Minister krev at kommunen rydder opp

Eldreministeren ber Vågsøy kommune rydde opp på Kulatoppen omsorgssenter. Arkivfoto 

Nyheter

Eldreminister Åse Michaelsen (Frp) krev at Vågsøy kommune no må rydde opp i forholda på Kulatoppen omsorgssenter.

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Pasient- og brukarombodet kom med sterk kritikk av Kulatoppen omsorgssenter i sin årsrapport. I rapporten vart det mellom anna peika på at alarmsnora til ein bebua vart klipt av og at omsorgssenteret ikkje tok dei alvorlege symptoma til ein bebuar alvorleg.


 

– Vi kan ikkje ha kommunar som ikkje tek eldres behov for tryggleik og verdigheit i kvardagen på alvor. Eg forventar ar den administrative og politiske leiinga er sitt ansvar bevisst, seier Michaelsen til NRK.


 

Eldreministeren meiner dette også er tilfelle for Vågsøy kommune:

– Så absolutt. Viss der er gjentakande hendingar, og hendingar som vitnar om dårlege haldningar og leiarskap, må kommunen kjenne sitt ansvar.


Klipte av ringesnora til brukar for å sleppe nattemas:

Pårørande fryktar at omsorgssenteret ikkje tar lærdom

Pårørande til pasientar ved Kulatoppen omsorgssenter i Vågsøy fryktar at sjukeheimen ikkje lærer av sine feil. Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane fryktar at dette på sikt kan gå ut over pasienttryggleiken.