Set fokus på reiselivssatsinga

Kystpilgrimsleia og reiselivssatsinga i Selje står på agendaen når det er årsmøte i Venner av Selja kloster 14. mars.

Samling: Styreleiar Torkjell Djupedal og resten av styret i Venner av Selja kloster inviterer til årsmøte. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

Fylkeskonservator Eva Moberg skal orientere om Kystpilegrimsleia, som vart offisielt opna i fjor. Selja er ein av dei såkalla nøkkelstadene på ruta, og dronning Sonja avduka ein plakett om dette då ho var hovudgjest under jubileumsmarkeringane i klosteret.

På årsmøtet vil også rådmann Kristine Dahl i Selje kommune fortelje om reiselivssatsinga i Selje komande sesong. Korleis blir tilbodet med klosterbåten, guiding i klosteret og turistinformasjon?

– Vel møtt til årsmøte i venelaget, både gamle og nye medlemer, og alle andre interesserte, skriv Venner av Selja kloster, som opplyser at møte blir på Doktorgarden.