– Her skapar vi gode basar for meistring i friluftsliv

Nyheter

4H ønskjer at fleire skal nyte friluftslivet og lokale lag og organisasjonar kan no søkje Draumeplassen-konkurransen 2019.

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne 100.000 kroner kvar og prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

Gjensidigestiftelsen har gjeve nye midlar til Draumeplassen. I år fekk tre nye fylke stønad til prosjektet. Dei fire fylka som arrangerer Draumeplassen-konkurransen 2019 er Troms, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane.

– Desse møteplassane vil auke folkehelsa og engasjere fleire menneske i aktivitet. Her skapar vi gode basar for meistring i friluftsliv, og vi spreier smilande naturglede hjå mange, smiler Roger Eide, prosjektleiar i Draumeplassen Sogn og Fjordane.

– Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universielt tilrettelagt, fortset Eide.


 

Kvart fylke vil ha ein jury som kårar fem vinnarar. Vinnarane får 100.000 kroner og hjelp frå 4H til å utvikle Draumeplassen.

Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.

4H har positiv erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og målet er at konkurransen på sikt vil verte nasjonal.