Skal behalde klosterbåten

Eigarane ville i haust selje Klosterbåten og ta i bruk ein mindre båt til å frakta turistar. Vestkapp Båtservice har fått midlar til fornying og utvikling av konseptet. Selje kommune melder no at båten er klar for ein ny turistsesong. Foto: Helle Frogner 

Nyheter

Klosterbåten er klar for ny turistsesong, melder Selje kommune i ei pressemelding.

– Klosterbåten sitt nye mannskap med nye uniformer ynskjer tidlegare og nye besøkande velkomne til Selje og Selja, seier representant for båtselskapet Geir-Johnny Rye.

I haust melde Vestkapp båtservice at selskapet ville legge klosterbåten ut for sal, på grunn av nedgang i passasjertrafikken. No ser det ut til at dette vil løyse seg for den komande sesongen.


Støttar klosterbåtprosjektet for å sikre ruta

Vestkapp Båtservice får 125.000 kroner frå næringsfondet til fornying og utvikling av konseptet Klosterbåten.

 

Klosterbåten vil tilby båtreise til historiske Selja og Selja kloster også denne turistsesongen. Det er den same båten som har trafikkert ruta dei siste åra som vil bli nytta.

Klosterbåten tar imot bestilling på båtturar utover fastsette rutetidene, også før sesongstart. Det er i tillegg mogleg å bestille båtturar til andre stadar langs kysten og innover Nordfjorden.

Reisande med Klosterbåten vil frå mai 2019 kunne bestille både enkeltreiser og gruppereiser digitalt frå klosteret si nettside. Besøkande vil då også få tilbod om digital lydguide på tre språk under besøket på øya.


Slik vil dei auke turiststraumen

Eit nytt bookingsystem, oppdatering av heimeside og ein digital lydguide er noko av det som skal gjere at fleire tek turen til klosterøya i sommar.