Tek utgangspunkt i «Alt i ein fjord»

Det er utarbeidd sju hovudstrategiar for den felles reiselivsstrategien for Eid og Selje, som no blir lagt ut på høyring.

Ingvill Flo i PwC orienterte om arbeidet med reiselivsstrategi under møte i fellesnemnda for Stad sist veke. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Bakgrunnen for strategien er rekka med folkemøte som vart arrangert i Selje og Eid hausten 2018. Strategiane set klare føringar for kva type reisemål Stad kommune skal bli og korleis vi må arbeide for å oppnå det. Ambisjonane for Stad kommune som reisemål er høge.