Enda på første- og tredjeplass i fylkesfinalen

Elevane frå Eid og Luster gjekk vidare. Foto: Oddmund Haugen/NRK 

Nyheter

Elevane frå Eid ungdomsskule gjekk vidare til landsfinalen, medan Vågsøy ungdomsskule enda på tredjeplass i fylkesfinalen i Klassequizen.

Skulane Brekke, Vågsøy, Luster og Eid var best i dei innleiande rundane og var torsdag samla på NRK-huset i Førde for fylkesfinale.

Ifølge NRK Sogn og Fjordane enda Eid med 14 poeng, Luster 12, Vågsøy 11 og Brekke 10 poeng.


Elevane imponerte i Klassequizen

Elevane ved Vågsøy ungdomsskule fekk ti rette og leiar no NRK sin Klassequiz.

 

Dermed skal elevar frå Eid og Luster representere Sogn og Fjordane i landsfinalen. Totalt var det 37 skular som deltok i årets Klassequiz i fylket.

Elevane på Vågsøy ungdomsskule sitt lag var Brage Stegane, Bernard Hagen og Trine Sterri Vedvik. Daniel Navelsaker, Ingjerd Sundal og Rebekka Halnes utgjorde laget frå Eid.