Fort sagt:

Inviterer til to konsertar på fyret

To konsertar: Hilde Selvikvåg har seld ut to konsertar på Kråkenes Fyr laurdag 16. mars. Pressefoto 

Nyheter

Namn: Hilde Selvikvåg

Alder: 27

Adresse: Stavanger

Sivilstatus: sambuar

Yrke: artist

Hobby: turar og aktivitet i naturen

Aktuell med: spelar to konsertar på Kråkenes fyr laurdag 16. mars.


– Kven sin idé var det å ha konsert på fyret?

– Det var eg som berre sende av garde ei melding, og fekk positiv respons. Det starta med ein konsert, og så vart det to. Begge vart utselde på to veker.

– Kvifor ville du ha konsert på Kråkenes fyr?

– Bestemor er frå Måløy, og eg hugsar godt feriane der frå eg var lita. Eg hugsar det som ein av dei finaste plassane i Norge. Bestemor, som no bur i Oslo, har også fortalt mykje historier – blant anna om Måløyraidet.

– Kva type musikk spelar du?

– Eg syng pop på norsk. Songane på radioen har instrument og litt meir fart og fres. Når eg syng aleine kjem tekstane meir i fokus.

– Kor lenge har du drive med musikk?

– Det har eg gjort sidan eg var lita. Men eg har hatt det som yrke sidan 2016.

– Kva kan publikum vente seg?

– Dette er ein soloturné, der eg aleine syng og spelar piano. Eg håpar at det blir ein kveld der det er behageleg og nært, og at eg får dra publikum med inn i mi verd.

– Besøker du andre stader enn Vågsøy denne helga?

– Ja, vi skal både til Bergen og Luster før Måløy, og så Oslo rett etterpå.

– Når besøkte du Vågsøy sist?

– Eg har ikkje vore der sidan eg var rundt ni år. Då tok eg med sand frå Refvik heim i eit syltetøyglas for å vise den fram til klassekameratane mine. Eg hugsar også båtturar under Hornelen og måseskrik om morgonen, men eg rakk aldri å besøke fyret. Eg blir veldig inspirert av å vere på stader der det er mykje vind, og håpar å få oppleve det.

– Så du ønskjer deg storm snarare enn sol på laurdag?

– Det er vanskeleg å velje mellom. Det beste hadde vore sol under konserten og litt røffare vêr etterpå.

– Kva gler du deg til med å kome på besøk igjen?

– Eg gler meg til konserten, men også til å ta på meg turklede og oppleve natur, vêr og vind. Vi vurderer å vere igjen ein ekstra dag berre for det. I tillegg blir det stas å sjå kven som kjem på konserten. Eg kjenner jo omtrent ingen der.