Tek med seg Bremanger i Kinn Unge Venstre

Nyheter

Dina Bovim (16) er vald som den første leiaren for det nye lokallaget for Kinn og Bremanger Unge Venstre.

Bendik Frammarsvik Larsen (19) er politisk nestleiar og Amila Adzemovic (18) er organisatorisk nestleiar. Lokallaget blei stifta onsdag 13. mars, og er per dags dato det einaste aktive ungdomspolitiske lokallaget i Kinn kommune.

På stiftingsmøtet etter skulebesøk på Flora vidaregåande vart lokallaget stifta, og det var ein fri diskusjon om politiske sakar. Kinn og Bremanger Unge Venstre meiner det er viktig å satse på den kollektive transporten i kommunane, både i byane og områda rundt. 

–Ungdomspolitiske lokallag er viktige for demokratiet, og for framtida i kommunane. Ungdom vil bli høyrd, og eit ungdomsparti er ein god plattform for unge å ytre seg, seier Dina Bovim, leiar i Kinn og Bremanger Unge Venstre.

–Eg er takksam for tilliten eg har fått som nestleiar, og eg ser fram til å jobbe saman med Dina, Amila og resten av lokallaget for å gjere Kinn og Bremanger til grønare og meir liberale kommunar, seier  Bendik Frammarsvik Larsen, politisk nestleiar i Kinn og Bremanger Unge Venstre.