Fiskevegn har tilsett ny dagleg leiar

Nyheter

Håkon Holen vert ny dagleg leiar i Fiskevegn på Flatraket. Sunnmøringen kjem frå leiarstilling i Europrofil i Sykkylven.

Eg er audmjuk for historia til Fiskevegn og ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben. Selskapet har hatt ei svært god utvikling dei seinare åra og eg ser fram til å kunne bidra til å utvikle Fiskevegn si sterke og global merkevare vidare, seier Holen.

Holen er 58 år og oppvaksen på Sæbø, no busett i Ålesund. Holen har den siste tida vore dagleg leiar i det danskeigde Europrofil AS i Sykkylven. Før det var han leiar i det amerikanske selskapet Johnson Controls Norway AS i Bærum. Tidlegare har han hatt leiar- eller marknadsansvar i Sunnmørs-bedrifter som Ørsta Stålindustri, Ørsta Marina Systems og UFAS.

– Vi er glade for at Håkon har takka ja til denne jobben. Han har med seg mange års erfaring frå industrielle bedrifter med internasjonalt sal og verksemd, noko som vil komme godt med i Fiskevegn, seier styreleiar Helge Solheim.

 Dagleg leiar i Fiskevegn har og ansvaret for Best Fishing Gear AS, Storvika AS og Flatraket Industribygg AS, samt Fiskevegns sin del av Magistr Fiskevegn Group (MGF) i Latvia.

Avtroppande Fiskevegn-sjef Trond-Inge Kvernevik, som har takka ja til nye leiaroppgåver i det nye oppdrettsanlegget i Barstadvika på Raudeberg, er og svært nøgd med at Fiskevegn har funne ein god erstattar.

– Håkon Holen har skapt gode resultat i bedrifter han har leia tidlegare. Erfaringane han har innan elektro, mekanisk produksjon og internasjonalt sal er gode føresetnader for å bidra til både Fiskevegn og Best Fishing Gear, seier Kvernevik.

Fiskevegn har 47 tilsette og omsette i 2018 for MNOK118. Både Fiskevegn og Best Fishing Gear har hovudkontor og fabrikk på Flatraket i Selje. Fiskevegn har salsavdeling i Ålesund, ein Joint Venture i Latvia med om lag 90 tilsette i fabrikken, samt distributørar i USA, Canada, Grønland og Australia/New Zealand.

Holen overtek formelt 1. juni i år.