Ferdige med å sprenge ut på problempunktet til påske

Arbeidet for å utbetre fylkesveg 616 i ytre Bremanger starta i slutten av mars, og allereie til påske er ein ferdig med sprengingsarbeidet på den første av tre flaskehalsar.

Jobbar på: Spleiselaget mellom kommune, fylkeskommune og næringsliv og private på fylkesveg 616 er i ferd med å bli realisert. Arbeidet starta i Trongesundet i slutten av mars. Begge foto: Kjell Aga Ulvestad 

Nyheter

Statens vegvesen starta arbeidet på eit av dei aller verste punkta, Trongesundet. Som namnet fortel har det både vore smalt og trongt å kome seg gjennom den kjende svingen.