Kommunestyret skal ha 39 medlemer

Nyheter

Det nye kommunestyret i Kinn skal ha 39 representantar og formannskapet får 11 medlemer.

Det vart vedteke på møte i fellesnemnda i Kinn 3. april. Der vedtok dei også at ein representant for ungdommens kommunestyre skal ha tale og møterett i kommunestyret. Møta skal stort sett vere likt fordelt mellom Måløy og Florø, og det vart diskutert om møta i kommunestyret og formannskapet kunne vere same dag, men ideen vart avvist fordi både politikarar og administrasjon treng tid til førebuingar mellom desse møta.

Det vart elles bestemt at utvala for oppvekst- og undervisning, helse- og velferd og samfunn, kultur- og miljø skal ha ni medlemer kvar.

Vågsøy kommunestyre har i dag 27 representantar frå 8 parti.