Sjåføren i dødsulykka var påverka av amfetamin

Det var tredje juledag 2018 at ulukka hende, på gangvegen ved Kjølsdalen, på rv.15. Foto: Siri Kolseth 

Nyheter

Dette kjem fram i ei rettsavgjerd frå Sogn og Fjordane tingrett, der retten har bestemt at mannen i 50-åra ikkje får tilbake førarkortet.

Det er NRK som melder saka tysdag kveld.

I rettsdokumenta blir det vist til at føraren var påverka av amfetamin og det roande stoffet klonazepam då ulykka skjedde.

NRK har snakka med mannen sin advokat, Oscar Ihlebæk, som seier dette:

– Den sikta har gitt ei forklaring i tre timar der han har svart på spørsmål. Han har òg gitt ei forklaring på kva samanheng dette kan ha.

Regionlensmann Tormod Hvattum ønsker ikkje å kommentere saka overfor NRK.