Fekk besøk av «Gutta på tur» og er klare for påskeinnrykk

Nyheter

«Gutta på tur» har vore observert fleire stader på Stadlandet og i Eid dei siste dagane. I går var dei på Steinegga, melder Harpefossen skisenter. Skisenteret er på si side klare for ei aktivitetsfylt påske.

«Gutta på tur» er eit norsk reise- og matprogram med Arne Hjeltnes, Arne Brimi, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie.

– Påska kjem uvanlig seint i år, og på Harpefossen har vi bak oss ein vinter med svært beskjedne  mengder natursnø både i  låglandet og i høgfjellet.   Dette betyr at vi må utnytte det vi har av kunstsnø og  det som er igjen av natursnø  på beste måte, seier Jarle Åsebø ved Harpefossen skisenter i ei pressemelding.

– På den positive sida noterer vi oss at det blir varsla høgtrykk og sol så langt varsla rekk, og vi  vil vi strekke oss så lang vi kan for å halde opne dei heisar og nedfartar som det er mulig så lenge det går, seier han vidare.

Skisenteret har planlagt mange aktivitetar og arrangement i påska, mellom anna aking i skileikområdet, Telenor-renn, påskekick-off med disco-hopping, tvilling parallellslalåm, diskotek for barn og ungdom, lagrenn i alpint, quizkveld og pub og watersplash i parken.

– Nokre av dei planlagde aktivitetane er meir eller mindre avhengige av vêr- og snøforhold, så det kan bli forandringar i planene, seier Åsebø.