Lesarinnlegg:

«Kva skjer med nettleiga?»

Tore Storhaug (KrF) har skrive dette lesarinnlegget. Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Tore Storehaug (Krf) stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane har skrive dette lesarinnlegget:


«Kva skjer med nettleiga?»

Det pågåande fusjonsarbeidet mellom ulike nett- og kraftselskap på Vestlandet har ført til mange påstandar og synsing om ei meir rettvis nettleige. Blir det ei ordning med likare prisar enn den vi har i dag?

Dei tyngste påstandane og spådommane som er framkomme står styreleiar i BKK, Jan Erik Kjerpeseth og administrerande direktør Fredrik Behrens for. Behrens er sitert i Firda 24. mars der han seier at «Det kjem inga politisk utjamning av nettleiga som monnar». Kjerpeseth på si side skriv i Firda 17. mars at «SFE tviheld også på å skape falske forhåpningar om ei vesentleg utjamning av nettleiga.»

Det høyrer med til historia at begge over tid har argumentert mot at ein politisk skal sikre ei likare nettleige. BKK har i alle høyringar halde fast på at dagens ordning er god. Behrens har over tid argumentert for det same, der ein må slå saman nettselskapa til å omfatte eit storbyområde for å få monaleg nedgang i nettleiga. I 2017 siterer NRK attpåtil eit tankekors frå Behrens som ikkje har vorte mykje belyst i den pågåande debatten i Sogn og Fjordane, nemleg at «Går ein for ei slik løysing vil nettleiga i Bergen gå opp».

Eit av argumenta som blir dratt fram mot at det skal skje ei stor utjamning av nettleiga er at NVE ikkje har ønskja dette verken i 2010 eller 2018 – det stemmer. Vidare blir det og peika på at ueinigheita om modellen er gammal – det stemmer og.

Så kva har skjedd? For det første har det vore ei stor endring i dei politiske partia. På landsmøte etter landsmøte våren 2017 forplikta stortingspartia seg for utjamning av nettleiga. Både SV, Ap, Sp, KrF og Venstre har tatt inn formuleringar i partiprogramma som seier at ein ønskjer ei utjamning av nettleiga.

Vidare har stortinget i 2018 handsama ei sak om utjamning av nettleiga. Eit samla Storting stilte seg bak å be regjeringa komme med ei sak med nye modellar for likare nettleige, men partia gjorde dette med ulike grunngjevingar. Då regjeringa valde å ikkje legge det fram som ei eiga sak, men som ein del av statsbudsjettet var ein samla opposisjon kritisk til det. KrF, Venstre, Høgre og Frp vart då einige om at: «Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan utjevne nettleien for alle forbrukere gjennom et mest mulig effektivt organisert strømnett. Utredningen skal omfatte virkemidler som frimerkeprinsippet, utjevning av ikke-påvirkbare faktorer og for øvrig tiltak som bedrer konkurransen og bidrar til likere priser og en sikker strømforsyning til lavest mulig kostnad for strømkundene. Stortinget ber regjeringen komme tilbake med dette som en egen sak.»

Sidan den gong har KrF blitt ein del av regjeringa og vi har fått ei ny regjeringsplattform. Og denne omtalar nettleiga og utjamning: «Utrede og fremme tiltak for å utjevne nettleien for alle forbrukere gjennom et mest mulig effektivt organisert strømnett.». Diskusjonen er på ingen måte ferdig, det viser og den endringa som har skjedd blant dei politiske partia.