#eghandlarlokalt

Blir du den heldige vinnaren?

Ståle Tennebø og Vilde Myhre Skavøypoll i marknadsavdelinga til Fjordenes Tidende har sparka i gang ei ny runde av #eghandlarlokalt. Fire gongar i år kan ein vinne gåvekort på 25.000 kroner hos dei lokale butikkane som deltek. – Responsen frå butikkane har vore stor, seier dei. Foto: Janne Weltzien Listhaug  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Nyheter

– Vi skal fremje lokal handel, seier Ståle Tennebø i Fjordenes Tidende, som er i gang ei ny runde med kampanjen «eg handlar lokalt».

– Det er kjempeviktig at kundar nyttar dei lokale butikkane, elles forsvinner dei, seier marknadsrådgjevar Ståle Tennebø i Fjordenes Tidende.

Kollega Vilde Myhre Skavøypoll peikar på ringverknadene i lokalsamfunnet.

– #eghandlarlokalt er viktig for ringverknadene i lokalsamfunnet. Butikkane gir for eksempel sponsormidlar til lokale lag og organisasjonar, gir ungdommen deltidsjobb og er viktige aktørar i det store bildet, seier marknadsrådgjevaren.

Vil auke handelen lokalt

Med kampanjen ønsker ein nemleg å få folk til å tenke over kor dei nyttar pengane sine.

– Folk bør kanskje tenker seg om når dei sit på internett og handlar, eller når dei er ute og reiser og handlar - skal dei handle der, eller heller nytte dei lokale butikkane vi har her, seier Tennebø, som forklarar kvifor ein dreg dette i gong:

– Vi er opptekne av at dei lokale butikkane skal lykkast, og dersom denne kampanjen kan få folk til å nytte dei lokale butikkane meir og det fører til auka handel, så er vi fornøgde, seier Tennebø, og legg til at ein får alt mellom himmel og jord på dei lokale butikkane.

Totalt 100.000 kroner

I 2016 og 2017 var det slik at vinnaren av kampanjen fekk ein bil kostnadsfritt i eitt år.

– No skal vi ha fire trekningar gjennom året, der vinnarane får gåvekort på 25.000 kroner. I den summen ligg det 20 gåvekort på 1.250 kroner, frå kvar butikk, som deltek i kampanjen, seier Myhre Skavøypoll.


 

Gåvekorta må nyttast i dei 19 butikkane som er med. Trekningane vil vere fire gongar i året; ved påske, Måløydagene, på hausten og til jul.

– Eskene blir tømt etter kvar trekning, så då har ein nye sjansar. Desto fleire gongar du handlar, jo større er sjansen for å vinne, seier Tennebø.

For å vere med i trekninga treng ein berre å nytte seg av dei lokale butikkane i Måløy og på fastlandet i Vågsøy.

– Når ein handlar så finn ein eit deltakarkort der ein skriv namn og telefonnummer på, og legg i ei eske. Desse står ute på alle dei 19 butikkane som er med, forklarar dei.