Jubeldag for Kolset skule:

Kjempa hardt for skulen og vann

Bygdefolket og lokalpolitikarar i Kolset-Rugsund-Leirgulen gjekk til kommunestyret med eit mål, og eit velfundert håp om å få behalde skulen på Kolset i eitt år til. Det klarte dei ettersom eit samrøystes kommunestyre stilte seg bak bygdene.

frå ha skulen eitt år til: Therese Kolseth, leiar i FAU ved Kolset oppvekst og Per Kjetil Leirgulen har begge stått på barrikadane for å gjere overgangen til Montessori-skulen enklast mogleg for borna. No vann dei fram. Begge foto: Erling Wåge 

Nyheter

Ei tydeleg letta Therese Kolseth, leiar i FAU ved Kolset skule, var jublande glad etter vedtaket om at skulen får eitt år til.