Meiner at bilføraren hadde mykje amfetamin i blodet

Sjåføren som køyrde på og drap to kvinner i Kjølsdalen i romjula, var ifølgje rettsavgjerda til Sogn og Fjordane tingrett påverka av amfetamin.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Professor Jørg Mørland meiner bilføraren som køyrde på to kvinner i Kjølsdalen i desember i fjor hadde høge dosar amfetamin i kroppen.

Det er NRK som melder saka, og til kanalen seier professor i farmakologi Jørg Mørland at nivået av amfetamin som er påvist er høgt.

– Mengda amfetamin er så stor at den kan auke ulykkesrisikoen 20 til 30 gongar.

I rettsdokumenta står det at sjåføren like etter ulukka var påverka av amfetamin og det roande stoffet klonazepam. Nivået av amfetamin var på 4,324 mikromol. Den nedre rusmiddelgrensa for amfetamin i trafikken er 0,300 mikromol.

– Det er langt over det nivået ein brukar i behandlingssamanheng. Då ligg konsentrasjonen tre til fire gongar lågare. Det peikar i retning av at det her er teke ein rusdose av amfetamin, seier Mørland til NRK.

Då siktinga denne veka vart utvida til også å gjelde køyring i ruspåverka tilstand sa forsvarar Oscar Ihlebæk:

– Sikta har gitt forklaring på kva samanheng dette kan ha.

Ihlebæk ville ikkje kommentere vurderingane til Mørland.