Rustar seg for endå større innsats

Brannvesenet: Selje brann og redning er ofte første naudetat til ei ulykke, og har no teke kurs for å bli endå betre rusta for å kunne halde pasientar i live til ambulansen kjem fram. – Dette er for innbyggjarane sitt ve og vel, seier brannsjef Geir Petter Hatlenes (bak t.h.). Begge foto: privat 

Nyheter

Brannvesenet opplever oftare og oftare at dei er første naudetat på ein ulykkesstad. Dette tek Selje brann og redning no konsekvensane av, og gjer tiltak for å bli endå meir kompetente på å halde pasientar i live til ambulansen når fram.