Styrka av applausen

Heime har ordføraren i Vågsøy fått hets og sjikane, men på politisk toppmøte i Oslo fekk Kristin Maurstad ståande applaus og full støtte.

Vågsøyordførar Kristin Maurstad fekk ståande applaus etter det personlege innlegget om netthets på kommunalpolitisk toppmøte i Oslo. foto: KS  Foto: Foto: KS

Nyheter

Under overskrifta «Send ordføraren til helvete» fortalde Maurstad om vonde opplevingar ho har hatt som ordførar i Vågsøy. I salen sat det ordførarar og politikarar frå heile landet på kommunalpolitisk toppmøte arrangert av KS i Oslo.