Rekordmange ville vere med å gjere Gloføykje klar til sommaren

Nyheter

Det var stort oppmøte på den årlege dugnaden for å gjere Gloføykje, Bremanger kommune sin tusenårsstad, klar for sommaren.

– Over 40 personar møtte – det må seiast å vere flott i ei lita bygd, seier Merete Kolseth, om oppmøtet til dugnaden som var på torsdag.

Gloføykje er ein stad som vert mykje nytta, og dei siste åra har folk i Kolset krins gjort mykje dugnadsarbeid. Det er mellom anna støypt platting og tilkomst til badeplassen, og den gamle naustmuren har fått nytt golv og tak slik at ein kan sitte der tørt i regnvêr, og i skuggen på varme dagar, ifølgje Kolseth.

– Med panoramautsikt til Hornelen og Skatestraumen, er dette ei perle av ein stad, som altså i år allereie før påske er klar for sommaren, seier Kolseth.


Jubeldag for Kolset skule:

Kjempa hardt for skulen og vann

Bygdefolket og lokalpolitikarar i Kolset-Rugsund-Leirgulen gjekk til kommunestyret med eit mål, og eit velfundert håp om å få behalde skulen på Kolset i eitt år til. Det klarte dei ettersom eit samrøystes kommunestyre stilte seg bak bygdene.

 

Torsdag kom også nyheita om at Kolset skule får drive eit ekstra år, medan ein ventar på at Montessoriskulen kjem på beina til neste haust.

– Det gjorde nok sitt til at det kom ekstra mange på dugnaden, seier Kolseth, som fortel at det gamle naustet vart pynta med flagg i høve den gode nyheita frå kommunestyret same dag.

Barneidretten sine trimgrupper stilte mellom anna, og bytta ut tradisjonell trim med bossplukking på Gloføykje.

– Det vart rydda for tong og tare på stranda, og det vart rydda vekk buskas og rusk, kosta og raka. Mange sekkar vart fylkte med søppel frå området, og nyinnkjøpte bord og benkar kom på plass til sesongen, seier Kolseth.