Har sin listetopp klar

Mindor Tonheim, Egil Amsrud og Karin Tea har dei øvste plassane på Partiet De Kristne Kinn si liste. Foto: Privat 

Nyheter

Partiet De Kristne Kinn (PDK Kinn) har sin listetopp klar.

Øvst på lista står Mindor Tonheim frå Eikefjord i Flora. På dei neste to plassane står Egil Amsrud frå Deknepollen i Vågsøy og Karin Tea frå Eikefjord i Flora.

Listetoppen, som er pastor, brenn ifølge han sjølv for sunn offentleg forvaltning, integrering og raskare jobb for innvandrarar og psykisk helse for barn og unge.

Amsrud, som er pensjonert lærar, har lista opp skulepolitikk, barnevern og næringsliv som saker han er spesielt oppteken av.

Tredjeplassen, Tea, er sjukepleiar og seksbarnsmor som nyleg har kome tilbake til Flora etter nokre år i Vest-Afrika. Ho er særskilt oppteken av helse, familie og kristne verdiar.

På dei neste plassane på lista til Partiet De Kristne i Kinn står:

4.  Margret Amsrud, Vågsøy

5.  Bjørn Helge Svoren, Vågsøy

6.  Fariba Vakili Chami, Flora

7.  Morris Kamara, Flora

8.  Kari Sande, Flora