Vil høyre på folket i saka om kommunevåpen

Nyheter

Basert på resultatet frå den rådgjevande høyringa blant innbyggjarane tilrår fellesnemnda kommunestyra i Eid og Selje å vedta motivet St. Sunniva og fjordhesten som kommunevåpen for Stad kommune.

Etter den rådgjevande folkerøystinga om kommunevåpen skal saka no opp til politisk behandling, og kjem først opp i fellesnemnda for Stad 25. april. Resultatet frå avrøystinga, som gjekk føre seg på nett, var at folket ønsker motivet med St. Sunniva og fjordhest, heiter det i saksutgreiinga.


 

Totalt kom det inn 2.797 røyster. Desse var fordelt som følgjer: St. Sunniva og fjordhest 2.369 røyster, båt 428 røyster.

Kommunevåpen for Stad kommune skal endeleg vedtakast av kommunestyra i Eid (9. mai) og Selje (15. mai). Vedtaket må vere likelydande i begge kommunar.