Ungdommar kan vente seg reaksjon

Ulovleg fyrverkeri starta lyngbrann

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Langfredag kveld rundt klokka 21.00 rykte brannvesenet og politiet ut til ein lyngbrann ved bossanlegget i Vedvik.

Det var nokre ungdommar rundt 20 år som hadde sendt opp ulovleg fyrverkeri som starta brann i lyngen.

Ungdommane ringde sjølve til brannvesenet. Og då brannvesenet kom fram hadde ungdommane nesten klart å sløkkje flammane.


 

Innsatsleiar i politiet, Morten Hagen, seier til Fjordenes Tidende at ungdommane hadde gjort noko dumt og ulovleg, som dei angra på.

- Det er oppretta sak og ungdommane kan nok vente seg ein reaksjon, seier Hagen.

Hagen seier det ikkje er lov å tenne opp bål eller eld i naturen.

- Det er veldig tørt. Folk må vere forsiktige, spesielt når det er vind. Då kan det lett kome ut av kontroll, seier Hagen.