Berga seg ut av brennande bil i tunnel

Nyheter

Laurdag ettermiddag tok det til å brenne i ein personbil inne i Bortnetunnelen på fv. 616 i Bremanger.

Politiet fekk melding om brannen klokka 14.08.

Dei to i bilen oppdaga brannen inne i tunnelen, men klarte å få bilen ut av tunnelen og fekk varsla naudetatane.

Brannvesen, politi og ambulanse rykte ut.

Dei to i bilen vart ikkje fysisk skadde, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre til Fjordenes Tidende.

- Dei to var heldige som klarte å få bilen ut og at dei slapp frå det heile utan fysisk skader. Bilbrann i ein tunnel kan vere skikkeleg dramatisk, seier Sætre.

Han trur at brannen vart oppdaga ikkje så langt frå utgangen på nordsida av den 4,7 kilometer lange tunnelen.