Person ringde politiet og sa at han var blitt påkøyrd

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Vest Politidistrikt fekk tysdag kveld melding om at ein person var blitt påkøyrd i Eid.

Uhellet skal ha skjedd rundt klokka 21.00.

Han som blei påkøyrd melde sjølv frå til politiet og sa han var uskadd.

Etter nærare undersøkingar så viser det seg at personen var rusa, og at han hadde problem med å gjere greie for kva tid det har skjedd og kva som har skjedd. Han hevdar ulukka skjedde ved Amfisenteret i Nordfjordeid sentrum.

- Vi har vore i kontakt med personen som var rusa og som var uklar på kva som eigentleg har skjedd. Etter å ha snakka med han og fått avklara at han ikkje var skadd, så droppa politiet å rykke ut, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Terje Magnussen til Fjordenes Tidende.