Har starta eit etterlengta barseltilbod

Samling: Kvar måndag er kroken ved ballbingen reservert Barseltid i Vågsøy i 1,5 timar. Bildet er frå det første treffet sist måndag. – No håpar eg fleire vil bli med, seier Victoria Færestrand. Foto: privat 

Nyheter

Med Facebook-sida Barseltid i Vågsøy og medhøyrande vekevise barseltreff håpar Victoria Færestrand å bidra til eit meir variert barselstilbod.

– Eg har tenkt litt på det, og så bestemte eg meg for å gjere det. «Barseltid i Vågsøy» er eit tilbod der alle kan kome, om ein nettopp har født, om det er eit halvt år sidan, om nokon er gravide og har påbegynt permisjonstida eller sjukmeldt. Det er for alle i barseltid, seier Færestrand, som sjølv stilte på det første barseltreffet sist måndag med ein sju dagar gamal baby.

Ho fekk gode tilbakemeldingar på det første treffet.

– Eg er gledeleg overraska over at ni kom første gongen.

Færestrand ser på dette som eit supplement til barselsgruppene som blir organisert av helsestasjonen.

– Dette er eit tilleggstilbod. Kanskje nokon føler dei ikkje har plass heime til å ha private treff, kanskje vegrer dei seg for det, eller kanskje har ein hamna på ei gruppe der ein ikkje har private treff. Her får ein ein plass utanfor heimen der ein kan møte folk, og som held fram gjennom sommaren og andre feriar, seier Færestrand.

– Der finst jo både Babysong på Frelsesarmeen og barselkafé på Kraftstasjonen, men desse tek sommarferie, legg ho til.

Dei passar på å samarbeide og linkar til Babysong, Helsestasjonen og andre tilbod.

Ho er svært nøgd med korleis dei blei tatt imot på Bakeriet ved Måløy Stormarked der dei no har barseltreff kvar veke.

– Eg spurte og Margrethe Gangsøy sa: «ja, det skal vi få til, skal eg lage plakat?», ler ho.

Kvar måndag føremiddag er derfor kroken ved ballrommet reservert barselgruppa. Gruppa har også fått eit spesielt barselsgruppetilbod om dei skulle ønske å ete på kafeen.

– Så no håpar eg fleire vil kome. Det er ikkje påmelding, det er berre å møte opp. Her får ein moglegheita til å kome seg litt ut og møte nye folk. Og for oss som bur i Deknepollen er det kjekt å berre kunne kombinere ein tur med vogna i nærmiljøet med ein tur på kafé.

Men det handlar ikkje berre om ein sosial møtestad. Søskenbarnet til Victoria, Camilla Refvik, har også fått i gang eit tilbod om barselstrening.


  Foto: Kvar tysdag og torsdag er barseltrening hos Vågsøy Performancecenter. Foto: privat

 

– Vågsøy Performance Center tilbyr tysdagar og torsdagar, på dagtid, tilrettelagt crossfittrening, både for dei som er gravide og dei som har fått barn. Dei som vil kan bruke ungane i treninga, elles samlar vi ungane i midten så dei er med oss og vi har kontakt heile tida, seier Camilla Refvik som er trenar på timane.

Opplegget er fleksibelt så dersom ein ser at det er ønske om meir eller andre tider kan det vere mogleg å få til på sikt.