Inviterer til «Kinn-toppmøte» mellom ordførarkandidatar og næringsliv

Samlar politikk og næringsliv: Måndag inviterer Måløy Vekst, Aksello og PwC til møte mellom næringslivsleiarar i Kinn og ordførarkandidatane. Arkivfoto 

Nyheter

Måløy Vekst, Aksello og PwC arrangerer møte mellom næringslivsleiarar og ordførarkandidatane til nye Kinn kommune.

Tanken bak møtet er analyse av situasjonen, moglegheit til å få innsikt, samt innhente næringslivet sine innspel til politikarane og skape diskusjon. Møtet skal vere måndag 13. mai på Parken kulturhus.

Randi Humborstad, dagleg leiar Måløy Vekst, og Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, vil presentere næringslivet i Kinn sine moglegheiter i nye Vestland. PwC har utarbeidd ei næringsanalyse av Kinn som Terje Bjerkan, direktør i PwC, vil legge fram.

Ein rekke næringslivsleiarar vil også halde innlegg, og truleg kome med sine innspel og råd til politikarane.

– Slik kan politikarane skape dei beste rammene for næringslivet, står det å lese i programmet.

Det vil også bli høve til diskusjon og ein tek imot spørsmål frå salen.

Møtet har påmelding.