Pasientar som treng opptrening etter sjukdom eller skade får tilbod i Flora

Pasientar frå Vågsøy som treng opptrening etter sjukdom eller skade får i framtida bruke ei ny treningsleilegheit i Florø.

Held fram som i dag: Det blir som før tilbod om døgnrehabilitering på Kulatoppen i Vågsøy og på Furuhaugen omsorgssenter i Florø. I tillegg får pasientar i nye Kinn kommune som treng opptrening etter sjukdom eller skader, få tilbod om ei ny treningsleilegheit i Florø. Arkivfoto  Foto: Håvar Fagerli

Nyheter

Leilegheita ligg i flunkande nye Dokken 2 der pleietrengande i desse dagar flyttar inn. Her har Flora kommune kjøpt leilegheiter, som skal fungere som heildags bemanna omsorgsplassar med personale døgnet rundt. Ei av leilegheitene skal bli treningsleilegheit for personar frå heile Kinn kommune som treng opptrening, til dømes etter hjerneslag eller ulukker.