Snakkar om vanskar med å følgje eiga lære

Måndag 13. mai kjem Vigdis Hjorth til Eid bibliotek. Foto: Agnete Brun 

Nyheter

Måndag 13. mai kjem Vigdis Hjorth til Eid bibliotek.

– Hjorth har vore mellom våre mest kjende og profilerte forfattarar i ei årrekkje. I føredraget sitt kjem ho til å ta utgangspunkt i boka «Lærerinnens sang» (2018), og snakke om vanskelegheitene med å leve som ein lærer, skriv biblioteket i ei pressemelding.

Hjorth har gitt ut til saman 29 bøker, både for barn og for vaksne. I 2016 kom boka «Arv og miljø», og denne boka vekte stor oppsikt fordi ho er sjølvbiografisk og handlinga er tett opp mot røyndomen. Boka vart ein del av debatten rundt den såkalla røyndomslitteraturen. Hjorth fekk Kritikerprisen og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2017 for denne boka. Ho har også tidlegare vunne ei rekkje litterære prisar.