Sofia har eit stort hjarte for inspisient-rolla

Skal sørge for flyten: Sofia Berg (29) er glad for kvart eit stort prosjekt ho får vere inspisient for. – Då eg starta med dette var eg knapt klar over at dette var eit yrke i det heile tatt. Det er ei rolle der ein ikkje skal synest, for då har ein også gjort jobben sin, seier 29-åringen frå Nordfjordeid. Opera Nordfjord er dei som gav ho sjansen aller fyrst, noko ho er evig takksam for. Foto: Odd Inge Rand 

Nyheter

Sofia Berg frå Nordfjordeid vaks opp med ei syngande mor i operakoret på Nordfjordeid. Det tok ikkje lang tid før Sofia enda opp i operamiljøet sjølv, men i ei heilt anna rolle.