Etterforskar fallulykke

Nyheter

Ein sirkusartist og ein publikummar er frakta til sjukehus, etter ei fallulykke fredag kveld.

Det er NRK som melder dette.

Operasjonsleiar i politiet, John Bratland, seier til NRK at det er ein mann som har falt ned under framsyninga.

Ulykka skal ha skjedd i forbindelse med ei førestilling som Cirkus Agora hadde i Molde, og sirkusartisten skal ha falle sju meter.

Ifølgje NRK skal verken artisten eller publikummaren ha fått livstruande skader. Politiet etterforskar saka og uttalar til NRK at det kan sjå ut til at ein del av utstyret som har vore brukt, har svikta.