Set av 25 millionar til miljøsatsing

Nyheter

Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner i revidert statsbudsjett til ei midlertidig øyremerkt satsing i Klimasats for å støtte opp om null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

– Høgre, Frp, Venstre og KrF har ambisjonar om å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030. Vi har hatt ei formidabel utvikling i nullutsleppsferjer som eit resultat av at staten og fylkeskommunane har stilt miljøkrav i offentlege anbod. Dette har vore ein suksess med tanke på å få ned klimagassutsleppa ikkje minst i vårt fylke. No ønskjer vi at hurtigbåtane skal følgje etter, seier stortingsrepresentant Frida Melvær (H) i ei pressemelding.

Ny teknologi er på full fart inn også i hurtigbåtsektoren og viktige miljø i Sogn og Fjordane har stått i bresjen for dette. I tida framover skal samtlege hurtigbåtsamband ut på anbod i Sogn og Fjordane med kontraktar som skal vare fram til 2022.  Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til ei midlertidig øyremerkt satsing i Klimasats, som skal fremje null- og lågutsleppsteknologi i fylkeskommunale hurtigbåtsamband. Dette vil legge til rette for at vi på sikt kan sjå den same positive utviklinga for hurtigbåtar som for ferjer, heiter det i pressemeldinga.

– Eg håpar Sogn og Fjordane fylkeskommune vil nytte seg av denne satsinga og bli eit føregangsfylke også på hurtigbåtsektoren, seier Melvær.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner det er det er eit avgjerande gjennombrot for nye, miljøvenlege hurtigbåtar mellom Nordfjord og Bergen.

– Dette er ein gledens dag både for klimaet og for framtidas moderne sjøtransport på Vestlandet. All honnør til statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet og Venstre sin fylkesordførerkandidat i Vestland, Gunhild Berge Stang, som har jobba beinhardt for å få dette til, seier Bjørlo, som er ordførarkandidat i nye Stad kommune og fjerdekandidat for Vestland Venstre til fylkestinget.

Bjørlo peikar på at hurtigbåtene åleine står for halvparten av alle klimautslepp frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Snart skal ei ny hurtigbåtkontrakt lysast ut på rutene Sogn-Bergen og Nordfjord-Bergen. Med desse midlane frå regjeringa blir det økonomisk mykje lettare for nye Vestland fylke å setje strenge miljøkrav til dei nye båtane, meiner han.

– At vi no får klimavenlege hurtigbåter på Vestlandet, styrkar også argumenta for Stad Skipstunnel, seier Alfred Bjørlo. - No veit vi at framtidas sjøtransport også blir bra for klimaet - då må vi no få rask bygging av Stad Skipstunnel slik at hurtigbåten kan gå heilt til Ålesund, seier Bjørlo.