Støtter senter med ein halv million

Dagleg leiar Roger Bergset i Måløy Marine Ressurssenter kan gle seg over at også Eid kommune støttar senteret. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Eid kommunestyre vedtok denne veka å samrøystes løyve 500.000 kroner til realisering av Måløy Marine Ressurssenter (MMR).

Kommunen føyer seg dermed inn i rekka over kommunale bidrag til forskingssenteret. Tidlegare har både Selje og Bremanger kommuner gått inn med 1 million kronar kvar.


 

MMR er eit samarbeid mellom marine bedrifter i Ytre Nordfjord, Biovitskapleg fakultet (BIOVIT) på Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule.

– Dersom MMR lukkast med planane som er lagde, vil dette etter kommunestyret i Eid sitt syn kunne bli ein særs viktig institusjon for vekst og utvikling i heile regionen. Sjølv om MMR ligg i ein annan kommune, vil institusjonen ligge i eit felles bu- og arbeidsmarknadsområde i Nordfjord, og vere med å gjere også Eid og framtidige Stad kommune meir attraktiv til å bu og drive næring, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.