Naboar høyrde eit frykteleg brak

Nyheter

Litt etter klokka 22.00 måndag kveld fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrd utfor vegen.

Det skjedde på Rv 15 ved Naustdal i Eid kommune.

Operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Helge Blinddheim, seier til Fjordenes Tidende at det ser ut som det var berre ein bil innblanda i ulukka.

Det var naboar som høyrde eit brak i samband med utforkøyringa og som melde ifrå til politiet om ulukka.

Naudetatane rykte ut. Føraren, som var åleine i bilen, hadde kome seg ut då brannvesenet kom fram. Han var i 20-åra, og politiet opplyser at det ikkje var mistanke om promille.

Ambulanse og ambulansehelikopter rykte også ut. Føraren vart frakta bort med luftambulanse til sjukehuset i Førde.

Politiet vil finne ut kva som har skjedd når dei kjem fram til ulukka.

Bilen skal ha fått store materielle skadar, opplyser Blindheim til Fjordenes Tidende.

Riksvegen var stengd ei tid etter ulukka.