Fann mange feil – to bilar vart avskilta

Folk frå Statens vegvesen er flittige med kontrolla. Foto: Erling Wåge  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på Stadlandet Selje og på Flatraket i Selje kommune måndag kveld.

Der kontrollerte dei 38 køyretøy, opplyser Statens vegvesen.

Her er resultatet av kontrollen:

Fire personar fekk gebyr for manglande bilbelte.

Det vart utferdiga 3 gebyr for ulovlege dekk under lovleg minstemål.

Det vart utferdiga mangellapp på 4 kjøretøy for tekniske manglar.

Ein førar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletids regelverket.

To køyretøy vart avskilta for manglande periodisk kontroll.

To førarar fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort.