Meiner politikarane må rydde opp i eige hus

F.v. Øyvind Reed (VideoNor), Erlend Toftesund (Saga Fjordbase), Beate Grønnevik (INC-gruppen), Jon Edgar Johnsen (Måløy Byggservice), Elin Tveit (Marø Havbruk AS), Hans Petter Selstad (Selstad) og Trond-Inge Kvernevik (Fiskevegn, OFS) var innleiarar på møtet mellom næringsliv og ordførarkandidatar. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

Forholda innanfor rådhuset sine fire vegger vart tema då representantar frå næringslivet møtte ordførarkandidatane i Kinn. Næringslivsleiarane Jon Edgar Johnsen og Trond-Inge Kvernevik peika begge på at politikarane må ta ei tydelegare rolle.