Politiet har teke førarkortet:

Politiet mistenker høg fart – vil ha tips om ulukkesbil

Nyheter

Politiet etterforskar den kraftige kollisjonen på rv. 15 ved Naustdal i Eid kommune måndag kveld.

Føraren i 20-åra var åleine i ulukkesbilen. Han vart sendt med luftambulanse til sjukehuset i Førde. Skadeomfanget er ukjent.

Politioverbetjent Nils Bakke seier til Fjordenes Tidende at føraren vart avhøyrt av politiet på sjukehuset i Førde tysdag. Men Bakke vil ikkje seie noko om kva han har forklart.

- Med dei store skadane på bilen, og slik det ser ut på ulukkesområdet, så har vi mistanke om at bilen har hatt høg fart. Dette er noko vi skal prøve å finne ut av, seier Bakke.

På bakgrunn av dette så har politiet i dag teke beslag i førarkortet til mannen.

Det var naboar i området som høyrde eit frykteleg bråk, og som melde frå om ulukka til politiet. Dei fekk melding klokka 21.49. Då vart det slege alarm og naudetatane rykte ut.


 

Etter det politiet så langt kjenner til var det ikkje andre bilar involvert i ulukka. Så langt har det heller ikkje meldt seg vitne.

Men Bakke seier politiet er interesserte i tips frå personar som kan ha køyrd på rv. 15 mellom Stårheim og Eid måndag kveld frå 21.30 og utover.

- Er det nokon som har sett, nokon som har møtt eller har blitt forbikøyrd av ein mørkeblå Audi A3 i dette området og i dette tidsrommet, så vil vi at dei tek kontakt med politiet, seier Bakke.

Det er veg med to køyrefelt der ulukka skjedde, og det var tørt og greie køyreforhold.

- Viser det seg at denne bilen har hatt stor fart, slik det ser ut for oss, og at dette har vore medverkande årsak til ulukka, så er skadefaren stor dersom bilen hadde møtt andre bilar eller andre vegfarande, avsluttar Bakke.