Dugnad:

Skal rydde sentrum før nasjonaldagen

Nyheter

Tysdag er det dugnad med vårvask av Måløy sentrum.

– Møt opp mannsterke og bli med på vårens dugnadsaksjon i Måløy sentrum for å gjere det pent og reint til 17. mai, skriver Bente Jørgensen i Måløy handelsforening i ein e-post.

Både vårvask, rydding, spyling og luking står på programmet under dugnaden.

Søppelsekkar er på Torget, og fulle søppelsekkar samlast på same stad eller utanfor kommunen sine søppeldunkar.

Brannvesenet legg ut slangar som kan brukast til spyling, opplyser handelsforeininga.