Vil ha AMK-sentral for luftambulansen til Haukeland

Fellesnemda AU vil ha ein felles AMK-sentral lagt til Haukeland universitetssjukehus.  Foto: Jo Carlson

Nyheter

Fellesnemnda sitt arbeidsutval sluttar seg i ei uttale til at lokaliseringa av ein felles AMK-sentral for luftambulansetenesta for helseregionen vert lagt til Haukeland universitetssjukehus.

– Plasseringa av ein eigen AMK-sentral for luftambulansen i Helse Vest handlar om beredskapen til heile helseregionen. Då er regionsjukehuset Haukeland universitetssjukehus det sjølvsagde valet, seier leiar av fellesnemnda AU, fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Dette skriv Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar i ei pressemelding.

I mai skal  styret i Helse Vest vedta kvar ein felles AMK-sentral for luftambulansane i helseregionen skal liggje. Herifrå skal all luftambulansetrafikk i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane styrast.

– Dette er ei sentralisering som vil auke kvaliteten og tryggleiken i luftambulansetenesta, uavhengig av plassering, heiter det vidare.

I uttalen står det at luftambulansetenesta bidreg til å nå målet om likeverdige tenester for pasientane. Funksjonsdeling mellom sjukehusa og til dels lange avstandar mellom pasient og sjukehus, let seg kompensere ved å bringe ei avansert akuttmedisinsk teneste ut til pasientane og levere rask og trygg transport til sjukehus.

Både Helse Førde og Helse Fonna og alle styreleiarane i helseføretaka i vest, meiner at denne funksjonen bør ligge på regionsjukehuset. Dette er og i samsvar med praksisen i dei andre regionale helseføretaka i Noreg.

– Også vår region må ha eit hovudsjukehus som skal sikre maksimal kapasitet og slagkraft slik at det kan tene heile regionen effektivt, når situasjonen krev det. Ved å leggje AMK-LA til Helse Bergen vil både flytryggleik og pasienttryggleik bli godt ivaretatt, heiter det til slutt i pressemeldinga.