Får nær fire millionar til å styrke helsestasjonane

Nyheter

Vågsøy, Bremanger og Eid kommunar får til saman 3.750.000 kroner frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjonane.

Vågsøy kommune søkte om 1,7 millionar kroner for å styrke helsestasjonen og skulehelsetenesta. Kommunen er i tildelinga gitt 1,1 millionar kroner.

Bremanger søkte om 1.850.600 kroner frå Helsedirektoratet for samlokalisering av helsestasjonane, styrking av skulehelsetenesta og ungdomshelsestasjon. Kommunen vart tildelt 1,1 millionar kroner.

Eid kommune har fått tildelt 1,55 millionar kroner frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta. Kommunen er med det på tildelingstoppen saman med Førde og Sogndal.

Midlane Eid er tildelt skal nyttast til å auke kommunen sin kapasitet til å jamne ut sosial ulikskap i helse, og hjelpe barn og unge i kvardagen.

– Styrking av skulehelsetenesta og førebyggjande helsetilbod til born og unge er gull verdt for å skape eit godt oppvekstmiljø for alle born. Eg er glad for denne ekstra satsinga frå regjeringa, der Venstre har vore ein viktig pådrivar, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), i ei pressemelding.

Eid kommune vil mellom anna nytte midlane til å sikre at elevane har god tilgang til helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster) i skulekvardagen, både i grunnskulen og på Eid vidaregåande skule. Eid kommune har trappa opp desse tenestene vesentleg det siste året, og kan no halde fram denne satsinga også neste skoleår. Samtidig er det auka aktivitet på Helsestasjon for Ungdom.